Praktisk erfaring

Med åkeren som klasserom

Livets under! At eit lite frø faktisk kan verte ei gulrot – ja, det er nesten uforklarleg. Markens grøde, kalla Hamsun det. Jorda gir liv, og det livet held oss alle i live. Det er nesten svimlande å tenke på. Men for dei hundre elevane på 8. steget ved ungdomsskulen i Sykkylven vert denne kunnskapen praktisk erfaring denne våren. Dei får nemleg prøve seg som grønsakbønder.

Settepotet: Settepotetene er komne i jorda. No skal det jamnast fint til før det heile vert krona med ein fin dusj livgivande vatn. «Potetgjengen» arbeider knirkefritt saman. F.v.: Luca, Ivar Magnus, Magnus og Ali.  Foto: Nils Einar Rye

Nyhende

Under ei raus sol på ein høg maihimmel står ei gruppe åttandeklassingar krumbøygde over nypløgde furer i åkeren til Spiren andelslandbruk på Tandstad. Nokon legg frø i jorda, andre dekker dei forsiktig til, medan andre igjen tek ein siste finpuss med river og andre reiskapar. Til slutt får det heile ein livgivande dusj med friskt vatn.