Omleggingar ved legesenteret i Sykkylven:

– Vi er i ein overgangsfase

Sykkylven legesenter går frå privat til kommunalt 1. juli, og i samband med dette skal det gjerast omleggingar. – Vi er i ein utfordrande overgangsfase no, fram til alt er på plass, seier kontorleiar Kanutte Roald.

Ombygging: Kontorleiar Kanutte Roald fortel at det vert gjort litt ombygging ved legesenteret. Mellom anna vert venterommet pussa opp og modernisert.   Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

– Vi merkar ein del forvirring og frustrasjon blant pasientane no i overgangsfasen, der vi mellom anna nyttar ein del vikarar. Det har vi stor forståing for, seier Kanutte Roald. Ho er tilsett som kontorleiar for Sykkylven legesenter når ein går over frå privat til kommunal drift 1. juli, etter sju år som anestesisjukepleiar og koordinator ved dagkirurgen i Ålesund. Ho starta opplæringsfasen ved legesenteret 12. april. Fram til 1. juli er Sudarshan Bhatia dagleg leiar.