Diskuterte ordbruk og hersketeknikk

Høg temperatur i kommunestyret

I samband med ei referatsak i Stranda kommunestyre, vart det heftig diskusjon rundt korleis politikarane skal snakke til og om kvarandre og tilsette i kommunen. – Klimaet vi har no er negativt for kommunen sitt omdøme, sa ordførar Jan Ove Tryggestad.

Tøffe tak: Ordførar Jan Ove Tryggestad (midt i biletet) hadde mykje å halde styr på i førre kommunestyremøte.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Kven veit best, kven har «slengt mest med leppa», påstandar om politikarar som har drive soloshow og insinuasjon om kriminell verksemd var noko av det publikum til kommunestyremøtet i Stranda fekk med seg onsdag. Møtet gjekk føre seg fysisk og vart send på kommunen sin web-TV.