Fint besøk

Lammelykke på omsorgsenteret

– Andleta til bebuarane lyste opp då Jorunn kom med dyra, seier fagleiar Marita Sollie på Stranda Omsorgsenter.

Fint besøk: Dei eldre sette stor pris på besøket. og mange fekk fram gode minner frå barndom og yrkesliv då dei såg lamma.  Foto: Privat

Nyhende

I førre veke fekk Jorunn Rørhuus-Øie ein lys ide om at ho ville ta med nokre lam til omsorgssenteret der ho arbeider. Jorunn kjem frå garden Norheim på Habostad der dei har 87 sauer på vinterfôr. I løpet av april og mai kom det i alt 161 lam til verda, der 25 av dei har enda opp som flaskelam, eller koppelam som andre sei.er.