Jordraset på Stranda

Skal vere trygt no

Det var truleg eit øydelagd vassrøyr som utløyste jordraset på Stranda tysdag.

  Foto: Stranda kommune

Nyhende

Årsaka til jordraset som gjekk like ved ein bustad på Stranda sist tysdag, var truleg store vassmengder grunna lekkasje på eit vassrøyr. Endeleg svar får ein når rapporten til NVE ligg klar etter at dei hadde ein geolog på staden. Naboane vart evakuerte, men fekk flytte heim same dag. Familien som bur i huset kan ikkje flytte inn att enda, då der no ikkje er verken vatn eller avløp i huset.