Oppfordrar kommunar og fylkesting til å støtte bondeopprøret

Kommunestyret i Fjord kommune stiller seg bak Indre Storfjord bondelag.

Opprør: Bønder over heile landet protesterer mot regjeringa sin landbrukspolitikk. Kommunestyret i Fjord kommune stiller seg bak bondeopprøret, og oppfordrar alle andre kommunar i fylket, inklusive fylkestinget å gjere det same. Her frå demonstrasjon på Stranda.  Foto: Vilde Kloster Hjellbakk

Nyhende

Dette kjem fram i eit brev frå kommunestyret i Fjord kommune sendt til Stranda kommune. I brevet står det at dei stiller seg bak uttalen frå Indre Storfjord bondelag og gir si støtte til #Bondeopprør21. Dei kjem og med ei oppfordring til alle ordførarar og kommunestyre i Møre og Romsdal fylke, inklusive Fylkestinget til å gjere det same.