Ny leiar tilsett på Storfjord Kulturhus:

Hilderun tek over etter Sigurd

– Å sjå at publikum vert glade eller bevega av kulturopplevingar, gjer meg glad og inspirerer meg til vidare arbeid, seier komande leiar Hilderun Søholt.

Ny leiar: Hilderun Søholt tek ovr etter Sigurd Drege på Storfjord Kulturhus.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Hilderun Søholt er tilsett som ny dagleg leiar i Storfjord Kulturhus og tek over jobben etter Sigurd Drege 1. september. Søholt var ein av fleire søkarar, men trekte det lengste strået til slutt. Søholt kjem opphavleg frå Sandane i Gloppen kommune. men har budd på Stranda i 25 år. Ho er 51 år, gift med Oddbjørn Arne Berge og har jobba som lærar på ungdomsskulen i over 15 år. Ho er også ei av eldsjelene i koret Kor Løye der ho har vore med å skrive og sette opp dei årlege kabaretane.