Kvifor reise til Syden?

Vi står framfor ein ny sommar i koronaen sitt teikn. Dette tyder ferie i eige land nok ein gong, men kva gjer vel det?

Idyll: Dei utanlandske turistane får ikkje kome i år heller. Då blir Geiranger igjen fylt opp av norske turistar.   Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

I skrivande stund er det vel 23 varmegrader utanfor redaksjonslokalet i Sykkylven. Det same er det på Stranda, om ikkje vêrmeldinga tar heilt feil, og sjølv med eit lite avbrekk med regn på søndag, ser det ikkje ut til at dei varme temperaturane har tenkt til å gje seg heilt enno. Det er vel kanskje vel så greitt, all den tid vi framleis ikkje får reise utanlands i ferien, eller risikerer å hamne på karantenehotell til 500 kroner døgnet dersom vi gjer det.