Elevar ved Vestborg vgs gjennomførte ryddeaksjon:

– Kjekt å gjere ein forskjell

Måndag 31. mai gjennomførte vg1-elevar ved Vestborg vidaregåande skule ryddeaksjon på badestranda og i småbåthamna på Stranda.

God innsats: Ikkje noko å seie på innsatsen til Kristina Håvik og Simon Muren Ulvund.   Foto: Privat

Nyhende

Aksjonen var ein del at det tverrfaglege temaet «Berekraftig utvikling», og elevane fant nok av søppel å samle saman. Klassa starta å rydde i Helsemvika, der dei fann mykje søppel på plenen, plast som flaut i vatnet, ei skummadrass og gamle metallrestar.