Fredag 11/6

Før i tida

Gamle bilete frå Stranda og Sykkylven.

Tvillingtreff på Frøysa: Foreldra til ikkje mindre enn seks tvillingpar på Stranda og Hellesylt vart samla med borna sine til eit tvillingtreff på Frøysa. Else Frøysa fortel at dei brukar å halde kontakt med kvarandre, og denne helga var møtestaden Frøysa. Kilde: Sunnmøringen 23. mai 1990 

Nyhende

Tradisjonsrikt handverk i Strandadalen: Heilt fram til omkring 1950 var rokken ein sjølvsagd og nødvendig reiskap i kvaranna hus ut over bygdene, slik også på Stranda. Petter Andreas Emdal (1861-1945), Mons-Pe-Andreas i daglegtale, var vide kjend for dei gode rokkane han leverte. Han dreiv det som reint handverk og gjorde det meste av arbeidet sjøl på vinterstid. Rokkane gjekk for å vere av svært god kvalitet, og etter det vi veit, held prisen for ein rokk seg lenge på 5-6 kroner. Kilde: Bygdeminne 2004/Stranda Sogelag  Foto: Magne Flem



Tradisjonsrikt handverk i Strandadalen