REN Sykkylven AS og kommuneadministrasjonen i Sykkylven med framforhandla avtale

Nye planar for Rema 1000-butikk

REN Sykkylven AS, som vil etablere Rema 1000-butikk ved Kaitrappa i Aure sentrum, har framforhandla ein avtale med kommunedirektør Geir Ove Vegsund som Sykkylven formannskap skal handsame komande måndag.

Avtale: Formannskapet skal komande måndag ta stilling til ein framforhandla avtale om bruken av kaiområdet.   Foto: Illutrasjonsfoto

Nyhende

Formannskapet i Sykkylven får måndag lagt på bordet ein forhandla fram avtale mellom REN Sykkylven AS og kommunedirektør Geir Ove Vegsund om etablering av ein Rema 1000-butikk ved Kaitrappa, på den såkalla godsterminaltomta ved sjøfronten i Aure sentrum. Saka har versert i kommunale organ i fleire år. Sist handsama i eit teamsmøte formannskapet 1. februar i år då det vart vedteke å utsetje den til politikarane kunne samle seg fysisk.