Endeleg avgjerd:

Eg skal aldri bli deltakar i 71 grader Nord!

Synspunkt

Eg har fått nok! Nesten kvar kveld forar fjernsynskanalane oss med dei mest absurde og spektakulære former for konkurransar som nesten går på livet laust for dei som er med. Fotomontasje/Illustrasjon: Linda Nygard-Sture 

Nyhende

No har eg definitivt bestemt meg. Eg skal aldri, aldri delta i 71 grader Nord, Mesternes Mester, Kompani Lauritzen, Farmen, Farmen Kjendis, Norges Tøffaste, Kokkekamp, Huskestue, Camp Culinaris, Heilt Harald eller Symesterskapet og andre halsbrekkande program. Eg har fått nok! Nesten kvar kveld forar fjernsynskanalane oss med dei mest absurde og spektakulære former for konkurransar som nesten går på livet laust for dei som er med. Det er eit programvirus som har spreidd seg til alle kanalar. Deltakarane er ofte programleiarar og vener av hovudprogramleiaren, pluss nokre andre som er raka inn frå hist og her for å opprette alibiet som medium for heile folket.