Dikt på tur

Inviterer til ein annleis kveldstur

Sykkylven mållag og Sykkylven Naturmuseum inviterer nok ein gong til det populære arrangementet "Dikt på tur" torsdag. Ferda går rundt Sessvatna.

Dikt på tur: Berit Bjørlo i Sykkylven mållag og Magnhild Vatne ved Sykkylven naturmuseum inviterer til ein annleis kveldstur.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Det er femte året Sykkylven mållag og Sykkylven Naturmuseum inviterer til å vere med på ein annleis kveldstur. Torsdag er det klart for ein ny runde med "Dikt på tur", og turen går denne gongen rundt Sessvatna.