Ber publikum i Møre og Romsdal om hjelp i søk etter sakna person

Sakna person i Gudbrandsdalen kan ha bevega seg vestover.

Sakna: Politiet i Innlandet ber publikum i Møre og Romsdal om hjelp i søket etter den sakna Emil Magnus Edvardsson.  Foto: Privat / Politiet

Nyhende

Politiet i Innlandet melder at dei no ber publikum i Møre og Romsdal politidistrikt om hjelp i eit utvida søk etter den sakna Emil Magnus Edvardsson (29). Den sakna er i god fysisk form og kan ta seg langt.

Edvardsson har vore sakna sidan tysdag kveld den 1. juni. Han gjekk på tur frå eit hyttefelt i Heidal i Sel kommune ved Lemonsjøen og målet var fjelltoppen Gråhøe, skriv politiet. Den sakna skal heller ikkje vere kjend i området.

Politiet skriv vidare at Edvardsson til vanleg brukar stemningsstabiliserande medisinar som han no ikkje har tilgang på. Derfor kan han stå fram som redd og kan prøve å gøyme seg.

Tidlegare har politiet i Innlandet bedt hytteeigarar om å sjekke uthus, anneks og eigedomane sine i fjellregionen i Gudbrandsdalen. No ber dei om ytterlegare hjelp frå publikum i retning nordvest og innover i Møre og Romsdal og vest mot Nordfjord og Sogn.

Har du hytte eller eigedom i området ber politiet om at du tar ein ekstra sjekk, og om du er på tur i området ber dei om at du er litt ekstra observant og ser etter den sakna. Om nokon har observasjonar som kan vere av interesse i søket etter den sakna, ber politiet om at dei tek kontakt på telefon 62 53 90 00 eller 02800.

Den sakna Emil Magnus Edvardsson (29) er frå Oslo. Han er om lag 178 cm høg, slank og har brunt hår. Han har på seg shorts, kvit mønstra t-skjorte og mogleg caps, samt Nike joggesko. Det kan hende at han har ein blå/turkis behandlingsteip på det eine kneet. Den sakna er i god fysisk form og kan ta seg langt, skriv politiet.