Ville ha mellom 700 og 1.000 kroner per kvm

Får mellom 5 og 35 kroner

Møre og Romsdal tingrett har kome med skjønnsdom om erstatning for den nye skuletomta i Sykkylven.

Skuletomt: Denne tomta i Sykkylven skal nyttast til den nye sentrumsskulen. Grunneigarane ville ha 700 til 1.000 kroner per kvm, men Møre og Romsdal tingrett har bestemt at prisen skal vere frå 5 til 35 kroner per kvm.  Foto: Google Maps

Nyhende

Den 23. november, 2020 gjekk Sykkylven kommune inn i ein avtale mellom Sigurd Johan Aure Saure og Julie Helen Strømme om at kommunen skulle få ta over eit areal på 62.200 kvm til bygging av ny sentrumsskule. Ein liknande avtale blei òg gjort med Ole Erling Asbjørnsen om eit areal på i overkant av 1.000 kvm den 11. desember same året.