Saka om bruk av kaiområdet på Aure i Sykkylven

Utsett til etter ferien

Saka om bruk av kaiområdet på Aure i Sykkylven vart utsatt og dermed ikkje realitetsbehandla i formannskapet som meinte at fleire nye moment må bli vurdert på nytt av nærings- og utviklingutvalet (NU) før vidare behandling i formannskapet og kommunestyret

Orienterte: Kommuneplanleggar Njell Hoftun orienterte formannskapet om saka som handlar om bruk av kaiområdet i Aure sentrum.  Foto: Frank Kjøde

Nyhende

Kommuneplanleggar Njell Hoftun innleia med å orientere om saka som har versert i dei kommunale organa i svært mange år. Han viste også til REN Sykkylven AS sine justerte planskisser. Hoftun refererte til kommunestyrevedtak om arealbruk frå 2003, 2010, 2016 og 2019, og presiserte at det var to grunneigarar, Sykkylven kommune og REN Sykkylven AS. Ein kvar grunneigar må forvente å kunne utnytte sin eigedom i tråd med vedteken plan.