Sjøfuglane og det marine økosystemet

Torsdag 3. juni avslutta Seniorakademiet i Sykkylven vårsesongen med eit foredrag om «Sjøfuglane si rolle i det marine økosystemet». Foredragshaldar var Alv Ottar Folkestad, og han gav dei frammøtte eit rikt foredrag om utviklinga av sjøfuglbestanden på Runde heilt frå dei fyrste nedteikningane på 1700-talet og fram til i dag.

Foredragshaldar: Alv Ottar Folkestad gav dei frammøtte eit rikt foredrag om utviklinga av sjøfuglbestanden på Runde.  Foto: Privat

Nyhende

Gjennom eit engasjerande foredrag viste han at endringane i sjøfuglkoloniane har variert sterkt i alle desse åra, og med vekt på endringane etter at det vart starta detaljert overvaking av bestandane frå tidleg på 1970-talet.