Misnøgd med utsetjing

– På tide at noko skjer på kaia

Petter Lyshol (Frp) er ikkje nøgd med at saka om Rema 1000-etablering på kaia i Sykkylven vart utsett. – No går det over stokk og stein i saka om utvikling på kaia. Kor lenge skal denne saka trenerast?, spør han.

Misnøgd: Petter Lyshol, som er tidlegare Høgre-ordførar og nyinnmeld i Frp, meiner at noko må skje på kaia.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Tidlegare Høgre-ordførar Petter Lyshol har ikkje vore så aktiv i politikken dei siste åra. No har han skifta parti til Frp, og vil kome meir på bana igjen. Han er svært engasjert i saka om Rema 1000-etablering på kaia i Sykkylven.