Lettar på tiltaka i Sykkylven frå måndag

Grønt nivå i skular og barnehagar

Frå måndag 14. juni og fram til sommarferien blir det grønt nivå i skular og barnehagar i Stranda og Sykkylven.

Grønt nivå: Kommunalsjef Bjørnar Midtbust kan informere om at det blir grønt nivå i skular og barnehagar i Sykkylven frå komande måndag.   Foto: Christine Fohlin Verneland / arkiv

Nyhende

– Konklusjonen vår er at det ut ifrå eit smittevernperspektiv, er naturleg for Sykkylven kommune å gå over til grønt nivå i skular og barnehagar i dei siste vekene før sommarferien. Denne ordninga blir innført frå måndag 14. juni, uttalar kommunalsjef Bjørnar Midtbust.