Over kaffikoppen

Mamma og student på heiltid

Ein samtale med folk i Sykkylven og i Stranda.

Turkamerat: Heidi Rasmussen Aurdal har fått ein god turkompis i hunden Sniff.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Heidi Rasmussen Aurdal
  • Alder: 27 år
  • Yrke: Student
  • Bustad: Grebstadlia

Heidi Rasmussen Aurdal (27) har det siste året hatt utdanningspermisjon frå jobben sin som tilskjerar ved Ekornes for å utdanne seg til barnehagelærar ved Høgskulen i Volda. Ho synest det har gått over all forventning å kombinere studentrolla med morsrolla, og fortel at grunna koronapandemien har det stort sett vore nettbasert undervising.