Vaksineringa held fram

I veke 24 startar Sykkylven kommune vaksineringa av prioriteringsgruppe 8 (alder 55 - 64 år). Desse har 9 vekers intervall. 

Vaksiner: Vaksineringa held fram.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

– Du får ein sms når det er din tur til å bestille deg time. Du har også moglegheit til å takke nei via sms'en frå c19 dersom du ikkje ønskjer vaksine. Vi kallar inn etter årstal. Det er viktig at du berre bestiller deg time dersom du kan møte til førstkomande tysdag, og tysdagen ni veker seinare. Ein kan ikkje velje dato og klokkeslett sjølv, uttalar kommunen, og legg til at ein må ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema til første dose.

Dersom ein sjølv meiner ein tilhøyrer ei av prioriteringsgruppene 5, 6 og 7, og ikkje har fått tilbod om vaksine innan 15. juni, må ein ta kontakt med fastlegen sin. Fastlegen din gir beskjed til kommunen om ein er i ei risikogruppe. Dersom ein er folkeregistrert i Sykkylven Sykkylven etter 1. juni, må ein ta kontakt med kommunen på e-post.