Arbeidarpartiet med eigen vekstplan for Møre og Romsdal:

– Vi vil fokusere på moglegheitene

Å støtte gründerånda og sørge for at næringslivet framleis har gode eksportvilkår blir viktig for Arbeidarpartiet om dei får makta etter valet.

Vekstplan: Arbeidarpartiet har utarbeidd ein eigen vekstplan for Møre og Romsdal. Her representert ved Hans Petter Brunstad Sørensen frå Sykkylven Ap, og førstekandidat til stortingsvalet Per Vidar Kjølmoen.  Foto: Privat

Nyhende

– Møre og Romsdal er eksportfylke nummer éin her i landet, og då meiner vi at det er viktig å fokusere på moglegheitene som finst her i fylket, seier Hans Petter Brunstad Sørensen frå Sykkylven Arbeidarparti og fylkesleiar og førstekandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal Arbeidarparti, Per Vidar Kjølmoen til Nyss.