Søknad om omstillingsmidlar skal opp i Fylkesutvalet

Måndag skal Fylkesutvalet ha møte i Geiranger. Her skal dei mellom anna handsame søknaden om omstillingsmidlar.

Nullutslepp: Frå 2025 er det krav om nullutslepp frå alle fartøy på Geirangerfjorden.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Tidlegare har fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) uttala at Staten bør ta rekninga for omstillinga i Geirangerfjorden. Det er vedteke i Stortinget at all skipstrafikk i verdsarvsfjorden skal vere utsleppsfri frå 2025, noko som betyr at Møre og Romsdal fylke, og særleg Stranda og Fjord kommunar må gjennom ein krevjande og dyr omstillingsfase.