Før i tida

Gamle bilete frå Stranda og Sykkylven.

MØBELPRODUKSJON: AS Vestlandske dreiv i 1933 møbelproduksjon i ungdomshuset Valhall på Aure. Den overstoppa stolen viser at dei er på overgangen mellom korgmøblar og polstra møblar. Framme frå venstre: Sverre Aure, Tomas Tandstad, Alf Svendsen (i ein overstoppa stol), Møller (han var læremeister, og var seinare med å skipe firmaet Møller & Stokke). Andre rekkje frå venstre: Kristian Fet, Odd Blomberg, Monrad Hoff, Hans Strømsheim, Jostein Blomberg, Lauritz Brudevoll og Andreas Hellesylt. Bak frå venstyre: Ukjent, Petter Hjorthol, Petter Straumsheim, Lars Aurdal, Oddleiv Emdal, Nils Tandstad, Jon Brudevoll og Ole Elias Emdal. KJELDE: SYKKYLVEN-BYGDA OG FOLKLET I FARNE TIDER. JON HOLE. 

Nyhende

SUNNMØRINGEN 14. JUNI 1986: Ein slik nedbørsrik mai var det ingen av desse karane som kunne minnast. Sunnmøringen tok ein prat med dei på benken framfor gatekjøkkenet til Saarheim.

– At bonden vil ha mykje nedbør i mai er velkjent, men det får no vere måte på, sa Kåre Hellesylt (f.v.), Ole M. Hellesylt, Jim Saarheim, Karsten Åsen og Rasmus Matvik.

Karane: F.v.: Kåre Hellesylt, Ole M. Hellesylt, Jim Sårheim, Karsten Åsen og Rasmus Matvik.  Foto: Sunnmøringen

Kjelde: Sunnmøringen 14. juni 1986

DEI FØRSTE TURISTSKIPA: I 1888 hadde Geiranger 39 turistskipanløp og fleire av skipa var frå rederiet Wilson Line. Også S/Y St. Rognvald, som her er avbilda. Skipet vart sett inn som ekstraskip ein sommar då verdas første spesialbygde cruiseskip St. Sunniva frå same rederi, var fullbooka. St. Rognvald fekk fem turar langs Norskekysten den sommaren. men det er uvisst kor mange gongar det var innom Geiranger.

Cruisetrafikk: Det måtte setjast inn ekstraskip når pågangen vart for stor.   Foto: Arkivfoto

Kjelde: Bygdeminne nr. 27, Stranda Sogelag

MOTESHOW: Stranda Helselag arrangerte i fleire år moteshow der dei lokale butikkane fekk vist fram siste nytt for sesongen. Biletet er frå ei motevisning på seint 1980- eller tidleg 90-tal, og syner to lokale og populære modellar frå den tida, Grete Mathiesen og Odd Lind. Det stod ikkje på humøret nei.

Cat walk: Grete Mathiesen og Odd Lind på moteshow for Stranda Helselag.  Foto: Arkiv Sunnmøringen

Kjelde: Frå Sunnmøringen sitt biletearkiv

SYKKYLVSBLADET 8. AUGUST 1990: Sykkylven Nei til Atomvåpen og Kvinner for Fred samla fullt hus på Velledalen Grendahus då det vart skipa til fredstreff for å markere Hiroshima/Nagasaki-dagen. Mellom dei som møtte fram var, frå venstre Bjørg Søvik, Anna Stølen, Karen Straume og Tordis Flaathe. FOTO: SYNNØVE HOLE.

Fredstreff: Bjørg Søvik (f.v.), Anna Stølen, Karen Straume og Tordis Flaathe.  Foto: Synnøve Hole