Sommarstemning

Flott konsert i Straumgjerde

Straumgjerde bedehus var nesten så fullt som det kunne vere denne fredagskvelden. Vi var inviterte til «Sommarkveld på bedehuset», og dette vart ein kveld med mykje fin song og musikk.

Musikk: Arild og Jon Reidar.  Foto: Privat

Nyhende

Som opning fekk vi høyre to vakre svenske sommarsalmar framført av Gunnlaug Bjerkvik Tandstad og Arnfinn Grebstad på piano og klarinett. Straumgjerde bedehus har songen og musikken som berande element i dei fleste arrangementa sine, og slik var det også denne kvelden.