Snart klart for byggestart for Aure Sjøside:

– Fantastisk lokasjon

Rundt påsketider i 2023 vil det fire-etasjar store bygget, med 24 leiligheter og flunkande ny Spar-butikk, stå klar ved Haugbukta i Sykkylven.

Planar: No blir det framgang i planane for Aure Sjøside. 1. november er det planlagt byggestart for det nye prosjektet. Frå venstre, Espen Garli, Aursnes og Partners AS, Svein Aure, B.S. Aure Eigedom AS, Ragnhild Hovet og Håvard Elias Hovet Aas, Spar Sykkylven Elias Vinje AS, Kjetil Nordang, Peab K. Nordang, Albert Aarøe og Egil Giørtz, H.I. Giørtz Sønner AS, Bertil Haugen Skaler Arkitektkontor  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Du kan gå i tøflane på Spar, og tørrskodd til bilen, dette vil bli nymoderne leilegheiter av høg standard. Vil du ha leilegheit i Sykkylven får du det ikkje betre, seier dagleg leiar Espen Garli hos eigedomsmeklaren Aursnes og Partners til Nyss.