Møbelmuseet gjentek suksessen frå fjoråret

Feirar 50 år med Stressless

I fjor feira Møbelmuseet møbelpioneren Ingmar Relling og fekk rekordhøgt tal på besøkande. I år håper dei å gjenta suksessen med markering av 50 år med Stressless.

Arrangørar: Svein Asbjørnsen, Jan Lade og Eldar Høidal gjentek suksessen frå i fjor, og arrangerer møbelvandring i Sykkylven. I år blir det markert at Stressless feirar 50 år.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

I 1971 kom den første Stressless-stolen frå Ekornes til verda, og markerte starten på eit møbeleventyr utan sidestykke i Norge som held stand den dag i dag. Det er dette eventyret som no skal feirast gjennom sommaren med møbelvandring i Sykkylven, på Møbelmuseet, Berlihuset og Galleri Cylindra. Det heile er det Møbelmuseet i Sykkylven, som er ein del av Musea på Sunnmøre, som står bak.