Elevar har samla inn 20.000 kroner til Kreftforeningen

– Vi er storfornøgde

I Sykkylven har 10. klasseelevar i valfaggruppa «Innsats for andre» samla inn rundt 20.000 kroner som dei har valt å gi til Kreftforeningen.

Innsats for kreften: Bak f.v.: Ida Bjøringsøy, Lisa-Marie Årnes, Sofie Kolås og Victoria Vangen Værnes.  Framme f.v.: Helene Kleven, Stine Kalstad, Rebekka Vatne, Lill Anita Ludviksen og lærar Ole Jonny Duestøl.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

I valfaget «Innsats for andre» får elevane sjølve velje kva dei vil arbeide med gjennom året, det kan til dømes vere å gjere tenester for andre, hjelpe til ved ein institusjon eller liknande. Grunna koronapandemien har moglegheitene vore noko avgrensa, og elevane har måtta tenkt alternativt. For jentene som Nyss har snakka med var det ikkje vanskeleg å bli einige om at dei ville gjere ein ekstra innsats for Kreftforeningen.