Aktivt miljø i Hundeidvik

Ideane står i kø hos eldsjelene i Hundeidvik IL. For kort tid sidan opna Hundeidvik Aktivitetspark, der ein kan prøve seg i klatreparken, som gullgravarar og som sjåførar av ATV og elektrisk traktor.

Populært: I klatreparken får ein prøve seg i høgda.   Foto: Privat

Nyhende

– Det har blitt lagt ned nokre tusen dugnadstimar i få ferdig Hundeidvik Aktivitetspark. Men eg har vakse opp i Trandal, og der er vi vane med slikt, ler Henning Nydahl, konstituert leiar i Hundeidvik IL.