Pensjonistlag inviterer til busstur

Nyhende

Sykkylven pensjonistlag inviterer til dagstur med Turistbussen Ålesund AS. Turen går frå Kiwi/gamle billaget til Hundeidvik med ferje til Festøy. Vidare går turen via Ørsta til Rekkedal Gjestehus, der vert det omvising og matservering. Dette er ein gamal slektsgard med historiske bygningar. Vertskapet er 19. generasjon på garden som har historie tilbake til folkevandringstida. (År 700 e.kr.) Alle bygningar er restaurert og dannar eit nydeleg tun rundt hagen. Turen går vidare til Øye, der det vert servert kaffi med noko attåt. Turen går vidare gjennom Norangsdalen med vakker natur og til Hellesylt der det vert ein kort stopp før turen går heim til Sykkylven. På grunn av begrensa plass i bussen (39 seter), bør ein melde seg på snarast slik at antal turseltakarar kan tilpassast bussen sin kapasitet. Pensjonistlaget håpar på mange påmeldingar slik at vi kan få ein fin tur saman i fine naturopplevingar.