Synspunkt

Vårfornemmelsar

Når pengefolk snakkar om klima, er det ikkje av plutseleg idealisme. Dei gjer det fordi det er bra for business. Fotomontasje/illustrasjon: Linda Nygard-Sture 

Nyhende

Framtidsfrykt. Trist å tenkje på: Unge par nøler med å setje ungar til verda på grunn av miljøkrisa. Tanken på ei framtid med smeltande polar og ørkenspreiing, øyar som sekk i havet og desperate klima-flyktningar ved grensene våre er ikkje til å halde ut. Det er ikkje berre Greta Thunberg som refsar foreldre- og besteforeldregenerasjonen for å undergrave livsvilkåra for dei unge som skal arve jorda. Ungdomsidolet Miley Cyrus og den radikale amerikanske demokraten Alexandria Ocasio-Cortez er blant dei som spør om det er ansvarleg å få born no når framtidsutsiktene er så skumle. Her i landet har Erna Solberg oppmoda norske kvinner om å få fleire born utan at det har vist att i statistikken. Det har fleire grunnar, men framtidstrua som skapte babyboomen i etterkrigstida, har i alle fall fått ein alvorleg knekk.