Fleire tek fagbrev ved Orkla

Auka kunnskap gir berre fordelar

– Fagbrev gir både auka kompetanse og høgare løn, seier Stein Ove Helstad, administrasjonssjef ved Orkla Foods Stranda

Bestod fagprøva: Laila Hansen er ein av ti som fekk fagbrev ved Orkla no nyleg.  Foto: Privat

Nyhende

Tilsette ved Orkla Foods Norge AS har gjennom det siste året gått praksiskandidatkurs og auka sin kompetanse i industriell matproduksjon. Dette har resultert i ti nye fagarbeidarar på Grandiosa-fabrikken og fleire står for tur til hausten.