Røde Kors omsorg lyser opp dagen

Byr på trivelege arrangement for eldre

I fjor fekk Røde Kors omsorg i Sykkylven innvilga 100 000 kroner frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Dette skal brukast på eldre og einsame heimebuande, og dei som bur i omsorgsbustadar og institusjon.

Tur: Dei eldre får bli med på tur, mellom anna til Kaitrappa.  Foto: Privat

Nyhende

På grunn av korona vart det ikkje berre lett å få gjennomføre alle ideane våre. Men ein god del har vi klart å fullføre, sidan i fjor haust. "Vinduslykke", ein utekonsert på Sykkylven bu- og aktivitetssenter der Sykkylven janitsjarorkester spelte, fleire julemiddagar for heimebuande og brukarar av dagsenteret. Til jul fekk alle bebuarane på Buas kvar sin blome. Etter nyttår har vi hatt tre treff for eldre på Promenaden, der vi fekk enkel servering. Alle var kjempeglade over å berre få møtast, og praten gjekk livleg. 17. mai fekk alle avdelingane på Buas blomebukett. Vi håpar på at ting endrar seg no i tida framover når det gjeld koronaen. Så kan vi få ha kafeane våre på pensjonistsalen igjen, der bebuarane og pårørande kan vere med. Vi har også planar om ein tur til Orreneset etter ferien. Ein annan aktivitet vi har, er besøksteneste. Det er ein aktivitet mellom ein brukar og ein besøksvenn. Dette har kome litt i gang no i den siste tida. Følgjetenestene til til sjukehus og liknande er også ein av tinga vi er med på. Det aller siste vi har starta med er å gå tur med bebuarane tilhøyrande Buas. Anten dei sit i rullestol, bruker rullator eller går "utan hjelp". Har du behov eller kunne du tenke deg å vere med på noko av det vi held på med? Kanskje er du pårørande til nokon som treng "besøksvenn", eller som kunne ha vore med på det vi arrangerer? Eller kanskje kunne du tenke deg å vere med på å glede dei eldre her i bygda vår? Vi har plass til fleire som kan tenke seg å gjere ein liten jobb nokre gongar i løpet av året.