Kortur til Selja

Helga 25. til 27.juni var vi ein gjeng på sju frå Sykkylven som var med «Budapestkoret» til Selje.

Tur: Sunniva og Anna Myklebust på veg opp til St.Sunniva-grotta på Selja.  Foto: Privat

Nyhende

Blid: Ved korset på Dragseidet. Det smilande fjeset til høgre, tilhøyrer Anne Konstanse Solbjør  Foto: Privat

Budapestkoret er eit regionskor for organisasjonen Ung Kirkesang. Koret er sett saman av ungdommar frå mange forskjellige kor. Annakvart år har koret reist til Budapest. På grunn av pandemien vart det annleis i år, og vi møttest i staden på Stad hotell. Laurdag tok vi båt ut til øya Selja og fekk lære om historia om St. Sunniva. Vi song i Sunniva-grotta, og hadde korøving ute i klosterruinane. Laurdag kveld heldt vi konsert i Ervik kyrkje. Søndag song vi i gudstenesta i den vakre kyrkja på Nordfjordeid.