Geiranger Skywalk Dalsnibba:

Opna med lokalt band

– Det var mange innom og eg trur folk var nøgde, seier dagleg leiar Ann Kristin Mossberg ved Geiranger Skywalk.

Bydde på kake: Dei tilsette Oda Homlong Lange og Elias Lade Gjørvad serverte gratis kake til gjestane.  Foto: Privat

Nyhende

Laurdag opna Geiranger Skywalk på Dalsnibba dørene til den nye kafeen og butikken. Det kom over 200 besøkande og det vart rapportert om ei god stemning i strålande solskin.