Kommuneoverlegen før fellesferien:

– Ha ein plan B for ferieturen

Kommuneoverlege Aleksander Sommerdalen i Sykkylven og Stranda minner om at pandemien enno ikkje er over.

Ferie: Kommuneoverlege i Sykkylven og Stranda, Aleksander Sommerdalen, oppmodar folk om å ha ein plan B for ferien om det skulle oppstå smitteutbrot i områder ein har tenkt seg til.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Statusen for begge kommunane per i dag er veldig positiv, då vi ikkje har fått inn meldingar om smitte på lang tid. Dette speglar litt situasjonen elles i landet, men vi ser der er område som har utbrot. Vi er nok ikkje ferdig med pandemien enno, seier Aleksander Sommerdalen, kommuneoverlege i Sykkylven og Stranda, til Nyss.