Kuvettreglane skal gjere det hyggelegare for folk og fe:

– Kyr er trivelege dyr

Det seier bonde Peder Vik Stave. Han synest det er bra at organisasjonen Norsk Friluftsliv har kome med kuvettreglar som fortel korleis turgåarar skal oppføre seg om ein møter ein flokk med nysgjerrige kyr.

Kontaktsøkande: Leiar i Sykkylven bondelag, Peder Vik Stave seier det er viktig at dyra blir vane med å bli handterte.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Over 250.000 er kalvar, kviger og kyr på sommarbeite i utmarka i Noreg kvart år. Paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv har saman med Bondelaget, TYR, Tine, Norges Bonde- og Småbrukarlag og Geno laga reglar for korleis ein bør opptre rundt husdyr.