Seier opp avtalen med Storfjord veterinærservice

Formannskapet i Sykkylven vedtok torsdag kveld å gje ein ny veterinærklinikk driftsstøtte, i staden for Storfjord veterinærservice, som mottek denne i dag.

Formannskapet: Politikarane vedtok at den nye dyreklinikken skal få driftsstøtte.  Foto: Monica Aure Fallingen/Arkiv

Nyhende

Kommunedirektøren i Sykkylven tilrådde at kommunen skal seie opp avtalen med Storfjord veterinærservice, og at driftsstøtta heller skal ytast til veterinærføretaket Hanna Fredriksen, som skal opprettast lokalt. Dette gjekk eit samrøysted formannskap inn for.