Sigurd Johan Saure og Ole Erling Asbjørnsen:

– Kommunen har ikkje kontroll på skuletomta

Sigurd Johan Saure seier at skjønnsdommen for erstatning til den nye skuletomta no er anka. Han presiserer at det ikkje berre ligg føre saksbehandlingsfeil, men at Sykkylven kommune ikkje har vore heiderleg og har heller ikkje vist god forretningsskikk.

Ugyldig: Grunneigarane Ole Erling Asbjørnsen og Sigurd Johan Saure meiner at skjønnsdommen er ugyldig.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– Heile saka om skuletomta har utvikla seg i feil retning og blitt ein farse. I utgangspunktet gjekk eg frivillig inn for at Sykkylven kommune skulle få kjøpe inntil 30 dekar i Bakkeøyane til ny sentrumsskule. På det tidspunktet hadde kommunen sagt nei til alternative skuletomter i Ullavik og Kagholen. Bakkeøyane hadde utpeika seg til det beste alternativet. Det heile enda med ein reguleringsplan der kommunen gjekk inn for å erverve 62 dekar, som betyr at eg no sit att med to vanskeleg tilgjengelege areal i aust- og vestenden av Bakkeøyane, seier Sigurd Johan Saure, som dei siste sju åra har kjempa for å få Sykkylven kommune til å forhandle om ein fornuftig kvadratmeterpris.