Ønskjer ei ryddigare badestrand:

– Alle kan ta i eit tak

Leiar i Haugneset Vel, Stig Brekke er svært glad for at talet på besøkande på badestranda på Haugneset har auka, men han ønskjer ikkje den same auken på søppel og skrot.

Kast søppelet: Leiar i Haugneset Vel, Stig Brekke, vil oppmode alle om å kaste søppelen i ein av dei to dunkane som står oppe ved vegen.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

– Badestranda på Haugneset fekk ei ansiktsløfting med den kvite sanden som kom i mai, og då er det trasig at det til tider flyt med søppel her, seier Brekke, som oppmodar alle om å rydde opp etter seg.