Livet ved Korsfjorden

I oldemor sine fotefar

Oldebarna til Ingeborg Amalie Matvik frå fjellgarden Matvik fekk sist helg ei oppleving dei seint vil gløyme.

På skulebenken: Bak frå venstre: Emilie Pedersen, Andrea Haugen, Vebjørn Haugen, Natalie Pedersen Malene Pedersen, Amanda Haugen.  Foto: Roger HAugen

Nyhende

Per-Jarle Matvik, som er son av bror til Ingeborg, arrangerte sist helg eit lite slektstreff. Han tok med fleire frå familien sin, dei fleste frå Fiskå der Ingeborg vart gift og budde i sitt vaksne liv, til fjellgarden Matvik i Geirangerfjorden. Her var dei frå torsdag til søndag og på fredagen arrangerte Per-Jarle ein skuledag på Ljøen.