Over kaffikoppen:

– Kjekt å vere til nytte

Ein samtale med folk i Sykkylven og Stranda.

Aktiv pensjonist: Åshild Velle vart pensjonist for om lag to år sidan, men tek framleis på seg ekstravakter.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Åshild Velle
  • Alder: 72 år
  • Bustad: Ura
  • Yrke: Pensjonist

Åshild Velle er født og oppvaksen i Velledalen samen med foreldra Marie og Arne, og dei to yngre brørne Kjetil og Dagfinn. Då foreldra hennar skulle drive garden dei eigde på Giskehaug, gjekk Åshild 1. og 2. klasse ved Ringstad skule. Etter nokre år i Stranda, flytta familien tilbake til Velledalen, og Åshild fullførte barneskulen på Dravlaus skule, før ho gjekk vidare på ungdomsskulen og deretter eit år kjole- og draktsaum ved Borgund vidaregåande skule. Og i vaksen alder tok ho helse- og miljøfag ved Sykkylven vidaregåande skule.