Er det noko du vil fortelje?

Tar imot bidrag: Helen Seth sit i bokkomiteen og seier at bidraga kan leverast til ho på Sykkylven bibliotek.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Folk skriv og liker å formidle opplevingar og å gje uttrykk for meiningar. Det ser vi kvar dag på sosiale medium. No inviterer Sykkylven sogenemnd alle skriveføre sykkylvingar med meiningar og formidlingsglede til å vere med i eit bokprosjekt: «Sykkylven anno 2021».