Fekk frivilligprisen i Stranda kommune:

- Å vere frivillig gir ei god livskvalitet

Frivilligprisen 2021 vart gitt under årets Andeslepp på Hellesylt.

Frivilligprisen 2021: F.v.: Leiar av juryen Jorunn Helth og dagleg leiar i Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad. Kari Hauso Stadheim fekk Frivilligprisen 2021. – Det ein får tilbake er større enn arbeidet ein gjer, fortel Stadheim i talen.   Foto: Solveig Årdal

Nyhende

Årets frivilligpris gjekk til Kari Hauso Stadheim frå Sunnylven. Av juryen vert ho omtala som eit ja-menneske, ein ressursperson for bygda og ei dame med eit stort hjarte for alle rundt seg.