Synspunkt:

Museum utan identitet

Språkrådet meiner: «Navn bør være mest mulig gjenkjennelige og selvforklarende.» Og vidare: «Navn bør vise mest mulig entydig til det de skal betegne.» Ein skal vere veldig positivt innstilt om ein hevdar at Viti treff innertiaren på nokon av desse punkta. Fotomontasje/illustrasjon: Linda Nygard-Sture 

Nyhende

Lat att augene og tenk på ordet Viti. Det kling latinsk, ikkje sant? Eller moderne italiensk? Kanskje er det eit etternamn? Eller eit substantiv? Kan det vere namnet på ein fancy pakke med multivitaminar i ei hylle på apoteket? Eller kanskje søskenbarnet til Vitapro for mjukare ledd? Det kan vel også minne om noko anna helsesamt, som Vita hjertego. For nokre kan kanskje ordet vekke assosiasjonar til noko vitalt, sterkt og «framoverlent». Eit potensmiddel?