Dagens turist:

- Spektakulært med fjell og fjord

Det kjem mange turistar til Stranda og Sykkylven kommune. Kven er dei og kva tenker dei om området dei besøker?

Spektakulær utsikt: Hanna Viker Aanensen og Mathias Langholm Lundgren tok turen til Strandafjellet for den spektakulære utsikta.   Foto: Solveig Årdal

Nyhende

På Strandafjellet møter vi kjærasteparet Hanna Viker Aanensen og Mathias Langholm Lundgren. Hanna bur i København og studerer til å bli arkitekt. Mathias bur i Oslo og jobbar som lysdesignar og regissør. I sommar har dei valt Sunnmøre som feriedestinasjon.