Minnemarkering i Sykkylven og Stranda

Ti år sidan terrorangrepet ved regjeringskvartalet og Utøya.

Open kyrkje: Sykkylven kyrkje vil vere open for publikum i høve minnemarkering av 22. juli.  Foto: Hallvard Sandvik

Nyhende

Torsdag den 22. juli vil Sykkylven kyrkje halde ope for lystenning og ettertanke. Kyrkjeklokkene vil ringe over heile landet klokka 12 for å minnast dei omkomne og med bøn for dei etterlatne. I Sykkylven gjeld dette Ikornes og Sykkylven kyrkje. I Stranda gjeld dette Stranda, Sunnylven og Geiranger kyrkje.