22. juli-markering i Sykkylven:

- Viktig å tore å snakke om det

Det er 10 år sidan terrorangrepet på regjeringskvartalet og Utøya. Sykkylven kommune hadde minnemarkering utanfor kyrkja.

Til minne: 77 roser i krans frå Sykkylven kommune og 77 roser frå Sykkylven arbeiderparti vart lagt ned til minne for dei døde.   Foto: Solveig Årdal

Nyhende

Mange var møtt opp for minnemarkeringa av 22. juli i kyrkjeparken utanfor Sykkylven kyrkje. Kyrkjeklokka ringte i fem minuttar til minne for dei døde. Etter dette var det tale frå varaordførar Birgitte J. Sætre Bonesmo, appell frå Hans Petter Brunstad Sørensen og song frå Anette Fet, akkompagnert av Stephanie Roux på piano.