Koronavaksine

Mange ledige plassar no

Oppmodar alle i Sykkylven og Stranda til å registrere seg no.

Vaksinering: Både Stranda og Sykkylven held fram med vaksineringa mot koronaviruset. illustrasjonsfoto 

Nyhende

Sykkylven kommune melder det er mange ledige plassar til 1. dose både 27. juli og 3. august. Dei melder også at mange ventar med å bestille time til koronavaksinering, noko dei er usikre på kvifor. Dei oppmodar difor alle som får tekstmelding, om å registrere seg uansett om dei skal ta vaksine i Sykkylven eller ei.

Sykkylven har no berre 4 årskull igjen over 18 år, som ikkje har fått invitasjon til vaksine. Samstundes har meir enn 800 personar fått tilbod om vaksine utan at dei har bestilt time.

Stranda kommune melder også at dei får fleire dosar no i veke 30, og oppmodar alle som har teke imot sms om å bestille seg time.