Positive tal frå NAV:

Færre arbeidssøkjarar i juli

Kraftig nedgang også i Stranda og Sykkylven og størst nedgang innan reiseliv og transport.

Nedgang: Færre arbeidsledige i vårt distrikt.  Foto: Colorbox

Nyhende

NAV melder at det ved utgangen av juli er det registrert 149 300 heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak hjå NAV, noko som utgjer 5,3 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 5 500 færre enn ved utgangen av juni, justert for sesongvariasjonar.